Alterringdøren i Giske kirke skildrer Kristus som trør vinpersa. Kristus står krumbøyd under den tunge persebommen. "Kyrkja på Giske er sterkt prega av Tavle-Jakob sin kunst, altertavla, preikestolen, alterringsdøra, ei due og eit krusifiks. Friarskrinet frå Jakob til Anne og ei offerbøsse Jakob skar ut ligg i glasmonter i våpenhuset. Alt er vedlikehalde, teke vare på og presentert på ein verdig måte. Kyrkja på Giske var i framande hender heilt frå slutten av Giskegodset si tid til kyrkja vart kjøpt tilbake av lokalbefolkninga i 1890-åra. Bergensaren Hans Holterman som eigde kyrkja i 1750-åra då bygget heldt på å forfalle, skal ha stor ære for å ha redda kyrkja i samarbeid med den etter kvart så kjende sunnmørspresten Hans Strøm. Det var då Tavle-Jakob kom fram med sin kunst. Men eigarane i 1860 for ille fram med bygget. Utvida og hogde ut nye vindu, reiv ned og øydelagde baldakinen over preikestolen og kvitmåla dei fargerike treskjeringane til Jakob m.m.. Målinga på utskjeringane og innventar vart restaurert i 1930 slik at fargane Jakob hadde lagt på utskjeringane kom fram att. Då vart også alterringsdøra med Kristus som trør vinpersa sett på plass att. I 1973-74 var det igjen eit omfattande arbeid med vedlikehald og restaurering." Kilde: https://www.smp.no/meninger/i/y7g9aJ/tavle-jakobs-veg "
Restaurering
Det var presten Hans Strøm og dåverande eigar til Giske, Hans Holtermann, som stod føre dette arbeidet. Det nye interiøret er laga av ein bonde frå Giske, Jacob Sørensen Giske-Gaard, eller Tavle Jacob som han vart kalla. Denne Tavle Jacob var ein stor bygdekunstnar. Han var berre 22 år gamal då han skar ut altartavla o. a. i Giskekyrkja. Han brukte in " ljåkniv" når han arbeidde. Heile fem kyrkjer på Sunnmøre og ei i Romsdal har altartavler som er laga av Jacob. Tavla på Giske var den første. Figurane har ei klår bibelsk forkynning - som rett nok er enkel - men likevel gripande. Legg merke til vinpersa i altarr