Tett inntil vegen gjennom den trange Oddadalen, styrtar Låtefossen med sine to laup 165 m nedover fjellsida.
Tett inntil vegen gjennom den trange Oddadalen, styrtar Låtefossen med sine to laup 165 m nedover fjellsida. Vasspruten står som ein dusj over vegen mens elva renn vidare under den gamle steinkvelvbrua. På 1800- og tidleg 1900-talet fikk fossen jamnleg besøk av tyskarar og engelskmenn. Dei vart skyssa med hest og kjerre frå fjorden, opp langs Sandvinsvatnet og vidare opp Oddadalen til Låtefossen. Det var ei strabasiøs, men storstilt reise.
Langs Nasjonal turistveg Hardanger. Vegane i Hardanger har sin eigen fart, og du må tilpasse deg det naturlege tempoet. Her ligg vegen på hyller i bratte dalsider, eller går bokstaveleg talt gjennom eplehagane. Naturen har gitt grunnlag for båtbygging, frukt og industri.
Nasjonal turistveg Hardanger består av fire strekninger: Granvin - Steinsdalsfossen, Norheimsund - Tørvikbygd, Jondal - Utne og Kinsarvik – Låtefoss.