Ørsta kyrkje er ei langkyrkje av tre frå 1864 som står i tettstaden Ørsta.
Tidlegare hadde Ørsta ei stav- og krosskyrkje. Ho gjekk i alle høve attende til 1385, då ein første gong finn henne nemnd i skriftlege kjelder. Truleg var ho eldre. Den gamle kyrkja, som stod like ved den nye, vart riven då dei bygde ny kyrkje. Ein del av materialane vart brukte på ny. Like eins vart det nytta bord frå gamlekyrkja i Velle skule som vart bygd på same tid. Då han vart riven etter brann dukka det opp plankar med figurar og ornament.
Ørsta kyrkje is located in Møre og Romsdal
Teikningane til den nye kyrkja er laga av Wilhelm von Hanno og Heinrich Ernst Schirmer. Byggmeister var Jakob Ørstenvig. Kyrkja vart vigsla 4. desember 1864 av prost Rasmus Rolland.
Ørsta kyrkje fekk orgel i 1870. Det var laga av orgelbyggjar Eriksen i Bergen. (W)